Kino: Myke poter, skarpe klør

Kino: Myke poter, skarpe klør

Fred er ein søt dagdraumar av ein hund med éin stor draum; Han vil bli samurai. Han legg ut på ei reise for å nå draumen sin og kjem fram til ein liten og rar by kalt Kakamucho, men her blir han ikkje særleg godt teken imot, fordi han skil seg ut. Han er nemleg ein hund i ein by full av… Kattar! Og som me alle veit: Kattar. Likar. Ikkje. Hundar. Og ein annan ting: Samurai-yrket er sjølvsagt berre for kattar.

Fred er ein hund i kattane si verd, og desperat etter å blidgjere kattane i Kakamucho blir han heilt uvetande vikla inn i ein vondskapsfull plan om å utslette heile byen frå verdskartet.

Vil Fred greie å nå draumen sin om å bli samurai og redde Kakamucho frå å bli utsletta? Det vil berre tida vise…

Premiere: 07.10.2022
Originaltittel: Paws of Fury: The Legend of Hank
Skodespelarar: Samuel L. Jackson, Ricky Gervais, Michelle Yeoh, Michael Cera
Norske stemmer: Atle Antonsen, Herman Tømmeraas, Jon Øidarden, Stian “Staysman” Thorbjørnsen, Abubakar “Abu” Hussain
Sjanger: Animasjon / Barnefilm
Regi: Chris Bailey, Rob Minkoff, Mark Koetsier
Nasjonalitet: USA
Aldersgrense: 6 år
Denne animasjonsfilmen har ei humoristisk grunnstemning. Han inneheld einskilde mørke og dramatiske scener med kamphandlingar. Han får derfor aldersgrense 6 år.
Språk: engelsk (norske stemmer)
Produksjonsår: 2022
Distributør: Selmer Media
Filmen varer 1t 37 min.