Aadland og Dylan

Aadland og Dylan

Konserten er ei blanding av Tom Roger Aadlands eigne låter og hans gjendiktinger av Bob Dylan – begge deler svært kritikerroste.

Aadland har hatt en rekkje låtar spelelista på norsk radio, og mange kjenner nok igjen «Alle dei i ei», «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Han speler og nye songar, bl.a. frå tingingsverket «Skyer», skrive med støtte frå Det norske komponistfond. Blant desse er dei allereie utgjevne singlane «Du e den» og «September», sistnemnde ein duett med Kine Nesheim.

Tom Roger Aadland har gjeve ut to album med Dylan-gjendiktingar. «Blod på spora» (2009) er Dylans 1975-album «Blood on the Tracks» gjendikta i sitt heile. Kjende songar herifrå er «Vikla inn i blått» («Tangled Up in Blue») og «Lagnaden sin vri» («Simple Twist of Fate»). I september 2016 ga Aadland ut albumet «Blondt i blondt», Dylans «Blonde on Blonde» i nynorsk versjon. Tre veker seinare fekk Dylan Nobelprisen i litteratur. «Blondt i blondt» vart kåra til årets album av NRK P1. Frå denne plata synger han blant anna «Nett som ei kvinne» («Just Like a Woman») og «Eg må ha deg» («I Want You»).

«Vikla inn i blått» er og tittelen på Det Norske Teatret si suksessframsyning, der Aadland har gjendikta ei rekkje songar frå heile Dylans karriere. Herifrå speler han «Du som lever av krig» («Masters of War») og «Som ein rullande stein» («Like a Rolling Stone»).

Konserten varer ca. 1,5 t.