MENS VI VENTER PÅ NO» GODT – med Linn Skåber og Ine Jansen

MENS VI VENTER PÅ NO» GODT – med Linn Skåber og Ine Jansen

Nationaltheatret og All Things Live presenterer stolt:
«MENS VI VENTER PÅ NO´ GODT»
Med Linn Skåber og Ine Jansen
Regi: Catrine Telle

Ein nyskriven eksistensiell komedie med Linn Skåber og Ine Jansen.

Linn Skåber og Ine Jansen er vener og skodespelarar. Dei ville gjerne gjere noko saman. Linn ville spele Samuel Beckett sin klassikar Mens vi venter på Godot, men Ine var meir usikker: To menn med bowlerhattar som ventar på noko som ikkje kjem, liksom? Dei gjekk til teatersjefen sitt kontor. Det viser seg at kvinner rett og slett ikkje kan spele Mens vi venter på Godot. Det har Samuel Beckett bestemt.
Kvifor? Har ikkje kvinner eksistensielle kriser? Eller dødsangst? Kan ikkje også kvinner kjenne på kjensla av å vere på eit slags venterom, før livet verkeleg byrjar? Opplever dei ikkje absurdismen i dagleglivet?
Eller er det noko med prostata?

Ein av gutane i Mens vi venter på Godot driv og tissar heile tida. Men det kunne Linn og Ine fiksa med litt blærekatarr.
Så Linn skreiv eit nytt stykke. Om to kvinner midt i livet og den snikande kjensla av at det kanskje ikkje varar evig. Det er noko med ungane som nesten har flytta heimanfrå og ikkje ringer. Og så handlar det om religion, hund, feminisme, mobildekning – og litt om politisk usøme.

Catrine Telle set det heile i scene. Emilie Christensen og Ingeborg Mohn i bandet No. 4 har komponert musikken. Mens vi venter på no’ Godt er ei forteljing om livet som rasar av garde, om tida som kan vere lang og kort og om alt som forandrar seg, til og med Bristol.

Dagsavisen - Terningkast 5:
"En lekende teaterstund klonet med den fornøyelige kunsten å holde kjedsomhet på en armlengdes avstand."

Framsyninga varer ca. 1 t 15 min.