Axel Ender (1853 – 1920)

Axel Hjalmar Ender (fødd 14. september 1853 på Dikemark i Asker, død 1920 i Kristiania) var ein norsk malar og billedhugger. Han var far til malaren og grafikaren Ragnhild Ender.

Han studerte under Julius Middelthun på Tegneskolen i Kristiania (1867–71), ved kunstakademia i Stockholm (1872–74) og i München (1875–80), uvanleg nok finansiert av Karl IV. Han verka òg som lærer, m.a. for Erik Werenskiold (1874–75). Statuen av Tordenskjold på Rådhusplassen i Oslo (1891–1901) er eitt av hovudverka hans. Ender mottok St. Olavs Orden (riddarkorset) for arbeidde.

Som mel arbeidet Ender for det meste med folkelivsbilde og sjangermåleri[6]: Kanefart på Mjøsa, Gjeter møter kjentfolk på veg over fjellet, Sledekjøring på isen, Ein fin skidag, Høyet blir lasta på, Besøk på setra og Mor og barn i Setesdals-drakter. Han har òg laga mange altertavler; mellom anna i Åsnes kyrkje (1876), Haug kyrkje (Ringerike) 1878, Kampen kyrkje, Østre Porsgrunn kyrkje (1890), Lunner kyrkje (1904), Molde domkyrkje og Sundby kyrkje i Morsø i Danmark.

Ein av dei nye motivkategoriane til impresjonismen var scener frå det moderne livet eller som det heiter på fransk «La via moderne». Det var motiv frå parkar, kafear, utflukter, dansepaviljongar med meir. I Norden voks det fram ein eigen motivkrets som omhandla vinteraktivitetar. Blant dei mest kjente norske malarane som behandla dette motivet kan nemnast Frits Thaulow, Axel Ender og Nils Hansteen.

Enders store måleri Kanefart (1885) har vore vist i Griegsamlingen sidan 2018.
Historia om korleis måleriet hamna her, kan du lesa om i desse artiklane:

Kjetil Vasby Bruarøy: Nokre ord om maleria, kunstnarane og moldegaard
Midtsiden: Inngjekk forlik med Reksten

Bergens Tidende: Reksten går til sak for å få kunstformue hjem

Meir om Axel Ender hos Store Norske Leksikon