19-års jubileumsshow – med Raske menn

19-års jubileumsshow – med Raske menn

Raske Menn er sprengklare med sitt «19-års jubileumsshow». Dei orkar rett og slett ikkje å venta lenger!

Er du ein av hundretusenvis av nordmenn som har sett Raske Menn opp igjennom åra, eller ein av milliardar nordmenn som med kjærleg finger har klikka på dei på YouTube? Eller er du ein av dei som har gått ut frå ei Raske Menn-framsyning og tenkt: Dette er den lukkelegaste dagen i mitt liv, den kjem aldri attende. Joda! Slapp av, det gjer den!

8.mars 2025 står trioen i Oseana med sitt 19-års jubileumsshow som vil osa av nostalgi, latter og pur glede.

Showet varar om lag 85 minutt, ingen pause.