Birgit Eide – Omplassering

Birgit Eide – Omplassering

Laurdag 7. september opnar tekstilkunstnaren Birgit Eide opnar laurdag 7. september ei stor separatutstilling i Hvelvet i Oseana. Her viser ho sterke og personlege arbeid knytt til identitet og religiøsitet. Omplassering og bytte av funksjon er ein fellesnemnar i utstillinga.
Birgit Eide (f. 1960) studerte ved tekstillina på Kunsthøgskolen i Bergen frå 1984 til 1989. Ho har atelier i Bergen. Ho har deltatt på ei rekkje ulike utstillingar, har stått for fleire utsmykkingar og har for tida 3-årig statleg arbeidsstipend.
Eide jobbar med ulike uttrykk i collage-teknikk, der tekstil, fargar og andre objekt er viktige element. Ho trekkjer fram ”det gjenkjennelege” i kvardagssfæren. I fleire prosjekt har ho jobba med kvinnetradisjonen og det kvardagslege knytt til tekstilar. Kva inneber religiøsitet? Korleis påverkar religiøsitet identiteten til menneske på godt og vondt? I eit av arbeida i utstillinga har kunstnaren brukt fleire tusen bibelsider. I andre arbeid er gryteklutar viktige bestanddelar. I mange av kunstverka spelar typiske og sentrale kristne symbol og bilde ein viktig rolle. Tankar om ulike nivå av tru, kristen propaganda og identitet vert rørt ved. Tekstilar og objekt med religiøse symbol og motiv er til dømes madonna og barn, søndagsskulekort, kors, bibel og broderi av kyrkjer, – alle eksempel på kristen, heimleg kvardagstradisjon.
I den kunstnarlege arbeidsprosessen brukar Eide ofte ”lavstatusmaterial”. Mykje kjøper ho på loppemarknader og i bruktbutikkar. Ho finn inspirasjon i desse tekstilane og opplever dei som viktige kulturberarar. I tidlegare prosjekt har ho brukt mellom anna gamle puter og blondedukar. Ved å bruke ting på nytt, trekkjer ho fram det tidkrevjande, det anonyme og det lite verdsette handarbeidet. Eide er opptatt både av sjølve handlinga og av den tida kvinner har brukt på å laga desse tekstilane.
I tredimensjonale arbeid brukar Birgit Eide sukkerlake. Sukker er eit gamalt middel for å stive tekstilar. I arbeidet «Åndsbrødre med gryteklut» er mange av de til saman 18 Barbie-mennene stiva med sukkerlake. Også gryteklutane som er brukt i dei særprega arbeida «Fugletro» er stiva med sukker. Det forgjengelege både i tekstilane og i sukkerlaken er viktig. Mange av kunstverka hennar er bevisst laga symmetriske og estetisk vakre, med avstemte fargar. Dette som ein motsats til alvoret og det grufulle i delar av kristendommen sin bodskap. I » Maktbalanse» lagar Birgit Eide ei ny forteljing med å setje det «søte og naive» i tekstilcollagar saman med eit sett broderte ord som ein gjerne knyter til kristen tru. Dette kunstverket er ein lang frise sett saman av 14 kvadrat på 60 x 60 cm.
 
Utstillinga opnar med vernissage laurdag 7. september kl. 13.00. Utstillinga blir opna av Ingebjørg Astrup, som er kunstkoordinator i Hordaland Fylkeskommune. Det blir også enkel servering og musikalsk innslag ved Eline Sundal. Opninga er gratis for alle.
Utstillinga står i perioden 7. september – 6. oktober.