Bjørnafjordkonferansen 2022 – I endring og utvikling
Dagkonferanse med lunsj og middag. Rabatt for medlem i Bjørnafjorden Næringsråd.Er du og di bedrift klar for Bjørnafjordkonferansen 28. oktober 2022?
Som i 2019 og 2021, har vi fokus på næringslivet i Bjørnafjorden, utfordringane og moglegheitene næringslivet står ovanfor, og korleis vi skal utvikle kommunen vår på båe sider av fjorden.
Vi skal sjå på korleis uroa i verda påverkar næringslivet vårt, og finne inspirasjon i andre sine historiar om samarbeid og verdiskaping. Vi skal få innsikt i korleis våre lokale bedrifter utviklar seg og møter utfordringar med pågangsmot og nytenking.
Etter lunsj vil vi møte føredragshaldarar som utfordrar oss, og sjå på korleis vi skal møte ein av dei største utfordringane vi har – korleis få tak i riktig kompetanse til riktig tid. Kva må til for at neste generasjon får riktig utdanning og motivasjon? Korleis kan næringslivet spele på lag for å tiltrekkje seg den kompetansen ein vil trenge framover?
Vi avsluttar konferansen med inspirerande innlegg om korleis gjere ei bedrift meir synleg, og korleis snu kriser til nye moglegheiter.
Les meir på bjornafjord-konferansen.no