Bjørnov & Sunde

Bjørnov & Sunde

I åtte år har Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde jamnleg utfordra kvarandre til musikalsk kappleik.
Våren 2022 legg dei igjen ut på vegen med nypolert piano og eit nødvendig antall gitarar.

Nye songar skal ristast ut av hjernebarken. Bjørnov og Sunde jobbar vidare innanfor konseptet Ymse, der tematikken for tida omfattar trefelling, ølbrygging, digitalisering og favorittemaet vatn og avlaup.
Ingen konsert er heilt den andre lik.

Velkomen til eit inspirert samarbeid og ein dundermusikalsk kveld.