Eirik Søfteland: Ei musikalsk reise – vol. 2

Eirik Søfteland: Ei musikalsk reise – vol. 2

Dei to kameratane har hatt stor suksess med konserten, sidan debuten på Oseana i juni 2020 der dei spelte heile fem konsertar! Sidan har dei tatt med seg konserten på tur, og har vore innom Skien, Ålesund, Stad, Bergen, Haugesund og Fedje – for å nemne nokon.

I eit nærast akustisk format skreddersydd for denne tids publikumsavgrensingar, lar dei to venene låtane snakke, og presenterer klassikarar som kler eit akustisk duoformat. Låtmaterialet har eit vidt spenn frå det episke store til det sarte nære, og passar publikum i alle aldersgrupper. Det er ei glimrande musikalsk historieforteljing, som mange vil kjenne seg att i.

Formidlingsevna til Eirik Søfteland får kvar strofe og tone til å prege stemninga. Dette er ein konsert og ei musikkhistorie med melodiar frå artistar som Frank Sinatra, Deep Purple, Jan Eggum og Queen. Kvalitetsmessig går Eirik Søfteland og Tore Christer Storlid ikkje av vegen for nokon, og dei har hausta knallkritikkar for konserten.

Eirik Søfteland hadde sitt gjennombrot med Idol (TV2), vann «Skal Vi Danse» (TV2) og var finaledeltakar på «Århundres Stemme» (TV2). Han opna også NRK TV sitt årlege program «Idrettsgallaen» i 2020.