Dokumentarfilm: Havnesjefen

Dokumentarfilm: Havnesjefen

Prisvinnande “Havnesjefen” kjem til Oseana!


Etter mykje etterspørsel skal den Amanda-nominerte dokumentaren endeleg visast på heimebane som oppvarming til den raude løparen seinare denne månaden. Søndag den 13. August er dørane opne i Vargasalen fra 13:30 til 15:30, med løpande visninger av den prisvinnande kortfilmen.

“Havnesjefen” er ein animert kort-dokumentar om svana av same namn som vart avliva for seks år sida, og den tar for seg oppstyret rundt det som skjedde i sumaren 2017. Filmskaparane Mia L. Henriksen og Konrad Hjemli har intervjua lokalbefolkninga for å høyre kva Os eigentleg synest om Havnesjefen, og så får ein eit innblikk i korleis sjefen sjøl opplevde det heile.

Det er gratis inngang for alle, men vær merksam på at filmen bruker noko grovt språk og handlar i stor grad om Havnesjefens død, så det kan hende den ikkje passer for dei aller minste.