Garborg i ord og tonar

Garborg i ord og tonar

Arne og Hulda Garborg sitt liv i ord og tonar, presentert av Fana Mållag.
Ekteparet Garborg spelte ei viktig rolle i nasjonsbygginga rundt 1900 og for norsk språk, kultur og identitet. Gjennom programmet får vi følgja Hulda og Arne gjennom livet deira frå anarkisme til nasjonsbygging, og frå Knudaheio til Labråten og tilbake.

Oddvar Skre vil fortelja om diktarekteparet, mens Øystein Skre og Cecilie Cathrine Ødegården syng, akkompagnert av Kristin Lunde.
Songane reflekterer Arne og Hulda sitt liv i ord og tonar. Heimen deira på Labråten i Asker var ein viktig plass for kunstnarmiljøet i heile Norge, og er i dag ein del av Asker Museum, der programmet først blei vist i 2019.

Varar i 2 timar