Griegsamlingen: Sommerutgåve 2020. 13.06. – 02.08.

Griegsamlingen: Sommerutgåve 2020. 13.06. – 02.08.

Kl. 14 – 16: Utstillingsopning.
Ca. kl. 14:15: Miniforedrag ved kurator Evelyn Holm. Servering av forfriskingar.
Kurator vil vere tilgjengeleg også etter foredraget for spontane omvisingar for enkeltpersonar og mindre grupper i utstillinga. Gruppene kan ikkje vere større enn at alle kan ha minimum ein meter avstand.
For første gong sida verket blei kjøpt inn til samlinga i 2013, viser vi Alf Rolfsen sitt store måleri, «Leiv Eiriksson oppdagar Amerika», for Oseana sitt publikum. Verket har ei interessant historie som vil bli presentert i foredraget og i dei små omvisingane i etterkant. I tillegg viser utstillinga verk av sentrale kunstnarar som Johan Christian Dahl, Nikolai Astrup, Thorvald Erichsen, Peder Balke, Christian Skredsvig, Xan Krohn, Per Krohg, Harriet Backer, Fritz Thaulow, Eilif Peterssen med fleire.
 
Gratis inngang.
På grunn av omsyn til smittevern vil tilgang til utstillinga vere avgrensa til 50 personar om gongen.
—————————————————————————————————–
Smittevern:
Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:
Hald avstand på minst ein meter til andre
Vask hendene
Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
Unngå kontakt med felles overflater
Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.