Kevin Vågenes – Singel i parterapi

Kevin Vågenes – Singel i parterapi

Seefood og Stand Up Norge presenterer stolt:
KEVIN VÅGENES – SINGEL I PARTERAPI
Kevin Vågenes har levd helie livet som singel, men har likevel fått heile Noreg til å elske Parterapi.
I "Singel i Parterapi" står Kevin Vågenes for aller første gong åleine på humorscenen med eit morosamt, musikalsk og personleg show. I tillegg til å bli betre kjend med Kevin bak maska, får vi møte både Kjell-Simen, Kenneth, Sara-Eline og fleire av dei høgt elska karakterane frå Parterapi-sofaen.
Kevin Vågenes er Noregs mest populære komikar for augeblikket. Han har eit heilt unikt talent som karakterkomikar, og lagar typar vi alle kjenner oss igjen i og kan le rått av. Kevin har blitt genierklært for humorserien Parterapi, og serien har blitt sett av over 1,3 millionar sjåarar.

Kevin har vunne to Humorprisar, ein Komipris og Gullruten for Beste Humorprogram. Han blei i 2019 tildelt Leif Justers Ærespris, og Parterapi blei også nominert til den internasjonale TV-prisen Gullrosen i 2019.
Han er vidare kjend frå humorseriar som Jul i Blodfjell, Nissene over skog og hei, Kollektivet og Mellom Bakkar og Berg.
Men det er altså på scenen han skin som aller best – velkomen til Kevin Vågenes!

Varigheit: ca 75 min.