Kino: Fabeldyr – Humlesnurrs hemmeligheter

Kino: Fabeldyr – Humlesnurrs hemmeligheter

"Fabeldyr: Humlesnurrs hemmeligheter" er det nyaste eventyret i J.K. Rowlings magiske Wizarding World!

Professor Albus Humlesnurr veit at den mektige trollmannen Gellert Grindelwald førebur seg på å ta kontroll over trollmannsverda. Utan moglegheit til å stoppe han åleine, må han stole på at magizoologisten Salamander Fisle og hans team av trollmenn, hekser og ein modig gompebakar vil klare eit farleg oppdrag kor dei møter både gamle og nye fabeldyr, og går til kamp mot Grindelwalds vaksande tilhengjarskare. Men kor lenge kan eigentleg Humlesnurr vente i kulissane når det står så mykje på spel?

Premiere: 08.04.2022
Originaltittel: Fantastic Beasts: The Secrets of Dumbledore
Skodespelarar: Eddie Redmayne, Jude Law, Mads Mikkelsen, Ezra Miller, Alison Sudol, Dan Fogler, Callum Turner, Jessica Williams
Regi: David Yates
Nasjonalitet: USA / England
Aldersgrense: 12 år
Denne filmen inneheld mørke og intense scenar med frykt og skremmande skikkelsar. Den får difor aldersgrense 12 år.
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: SF Norge
Filmen varer 2 t. 22 min.