Kino: John – den siste norske cowboy

Kino: John – den siste norske cowboy

John (94) er son av ein norsk innvandrar. Han driv sin enorme ranch i Montana på gamlemåten, heilt åleine. Rikfolk står i kø for å kjøpe eigedomen hans.

Som son av ein norsk innvandrar, har John blitt oppdratt til å arbeide hardt og leve nøysomt. Livet på ranchen er det einaste tilværet han vil ha, og han finn glede i både naturen, dyra og dei daglege oppgåvene på ranchen. John kastar aldri noko, og har ei rekkje gamle bilar og traktorar på eigedomen sin, som han på mirakuløst vis klarar å halde i gong.

Kvar dag snakkar han med sin beste ven, Jim. Deira venskap går 75 år tilbake, og dei har ingen hemmelegheiter for kvarandre. John er ein forsiktig kar som har lite erfaring med damer og det søte liv. Jim har testa ut alt – «og meir enn det», men trass ulikskapane dei imellom, er venskapet sterkt. Jim er den viktigaste personen John har i livet.

John har eit mål om å leve og arbeide til han er 100 år, og meiner at kvar generasjon har eit ansvar for å forvalte jorda slik at den er i betre stand enn då dei kom. Gjennom åra har mange rikfolk tilbydd store summar for eigedomen hans, men John vil ikkje selje. Hans lykke og velstand ligg i friheita til å arbeide på eigen jord, og det einaste han tel er kvar nye morgon han kan stå opp og finne ut kva livet har å by på.

Gjennom Frode Fimlands stillfarne portrett av ungkaren John, får vi innblikk i eit levesett som tilhøyrer generasjonane før oss. Mykje har endra seg til det betre dei siste hundre åra, men kva har vi mista undervegs?

«John - den siste norske cowboy» stiller seg i rekkja av Fimlands kritikarroste, poetiske portrett av menneske som lever tett på naturen.

Frode Fimland er til stades i Oseana denne kvelden.
Øyvind Tøsdal frå Os sogelag held innleing om lokal utvandring.
Musikalsk innslag: Berit Håpoldøy

Premiere: 22.10.2021
Skodespelar: John Hoiland
Sjanger: Dokumentar
Regi: Frode Fimland
Nasjonalitet: Norge
Aldersgrense: Tillatt for alle
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: FIMfilm AS

Filmen varar 1 t. 30 min. + ca 20 min. innleiing