Kino: Marry Me

Kino: Marry Me

Søt musikk mellom Jennifer Lopez og Owen Wilson.

Superstjernene Kat Valdez (Jennifer Lopez) og Bastian (Maluma) planlegg å gifte seg på direktesendt TV. Fem minuttar før Kat skal på scenen, finn ho ut at Bastian er utru. I ein spontan augneblink bestemmer ho seg for å gifte seg med ein tilfeldig person i publikum, og landar på den kvardagslege fyren Charlie (Owen Wilson). Ein nyheitssensasjon er skapt, og det nygifte paret må bestemme seg for om dei skal stå i det, deira forskjellar til trass.

I Marry Me får vi også servert heilt ny musikk frå Jennifer Lopez og Maluma.

Premiere: 11.02.2022
Skodespelarar: Jennifer Lopez, Owen Wilson, Maluma, Chloe Coleman
Sjanger: Komedie / Romantikk
Regi: Kat Coiro
Nasjonalitet: USA
Aldersgrense: Tillaten for alle
Språk: engelsk
Distributør: United International Pictures
Filmen varer i 1 time og 52 min,