Melankomiker – av og med André Ulveseter

Melankomiker – av og med André Ulveseter

André Ulveseter entrar scenen med sitt tredje heilaftans standupshow «Melankomiker». Den energiske komikaren, opprinneleg frå Bergen, mista all glede og livskvalitet då kjærasten gjennom 10 år brått blei drepen i trafikken sommaren 2022.
Men med eit skråblikk på det aller meste, finn ein også humor i det mørkaste av det mørke.
Å vere komiker i sorg, gråtande klovn, ein mann som ber om hjelp, og i tillegg pushe 50, har vore ei berg-og-dalbane av kjensler, men no er han klar til å entre scenen att, med nye erfaringar og historier å dele.

Melankomiker er eit ærleg, sjølvironisk og humoristisk show med eit alvorleg bakteppe, levert av ein av Noregs skarpaste komikarar.
Korleis reagerer ein som aldri tidlegare har mista anna enn ein katt og ein undulat i heile sitt liv, på det å miste sin aller viktigaste støttespelar, kjærast og ven? Og kvifor i all verda eksisterer eigentleg sukat?

"Melankomisk høgdepunkt!" Terningkast 6 -Sunnmørsposten

"En gripende, givende, humoristisk alvorsstund."


"André Ulveseter tar det langt ut, og han tar det også helt inn. Helt til sitt innerste, næreste og lar oss publikum i sitt standupshow "Melankomiker" touche sine helt innerste nervebaner, tanker og følelser."

[Det er] "en meningsbærende tyngde i forestillingen jeg aldri har opplevd maken til."

"André er et funn av en veileder, og dette må mange få oppleve",
-Ole Foss, Sunnmørsposten.

“André leser sitt publikum på standupshow på en fortreffelig måte!”
- Kultur, Lørenskog Kommune

I sine tidlegare show har André snakka om frykta for ikkje å leve, og kvifor krenking er blitt folkesjukdom nummer éin. I tillegg til sine to standupshow har han også sidan 2013 turnert land og strand med sitt morosame, engasjerande og lærerike foredrag «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil». Det populære foredraget er framført omlag 700 gongar, fordi folket openbert ynskjer å lære meir om kvifor det er forskjell på å fiske kake og fiskekake.

No kan du få med deg årets mest meiningsfulle humorshow, krydra med både latter og tårer.

Velkomen til Melankomiker av og med André Ulveseter!
Speletid: rundt 75 minutt