Utseld
Når Valen danser
Ei konsertframsyning for barn 5-10 årAnnabel Guaita, piano og Lars Kolstad, perkusjon
Korleis fortoner musikk seg frå innsida?
Annabel er pianist og held på å øve inn eit nytt musikkstykke. Ho vil så gjerne få musikken til danse, men strevar med dette! Derfor inviterer ho Trommelars på besøk. Kanskje han - saman med publikum - kan hjelpe henne?
Velkomen til ei musikalsk oppdagelsesferd. Barna blir oppmuntra til å utforske eigne kjensler som oppstår i møte med musikken. Det er morosamt og lærerikt, og det finnast ikkje noko fasitsvar.
"For ei fantastisk flott forestilling! Tanke- og lattervekkande for ungane om kva musikk er og kan vere. Lærerikt - og faktisk óg litt rørande, for meg som vaksen, oppi alt det interessante og morosame". (Agnes Ravatn)
Lengde ca 60 min
Produksjonen er blitt til etter ei bestilling frå Sveio Kommune, der den hadde premiere under Valenfestivalen i april 2021. Musikken vi spelar og lyttar til er Fartein Valens klaverstykke Valse Noble opus 22. Framsyninga er utarbeida under eit kunstnaropphald ved Seanse, senter for kunstproduksjon i Volda hausten 2019.
Støtta av Bergen kommune og Norsk kulturråd.