Nils-Ingar Aadne – Da var det oss

Nils-Ingar Aadne – Da var det oss

I 2015 kom Nils-Ingar Aadne med stand-up showet «EGO». Her tok han føre seg sin eigen egoistiske livsstil, og fokuset på seg og sitt.

I sitt nye standup-show «Da var det oss» handlar det ikkje berre om han sjølv, men om oss alle og samfunnet vi lever i. Sidan EGO gjekk Nils-Ingar frå meg til oss, han fekk seg kjærast og sambuar. Så skjedde det utenkjelege. Hausten 2018 døydde kjærasten hans brått og uventa av hjartestans. Igjen står han der åleine, medan verda går vidare. Det må han også.

«Da var det oss» handlar om å få livet i trynet og gå vidare, om kvardagslege småting og kor sinte folk har blitt. Om robotstøvsugarar og pandemi. Den handlar om oss.

Regi: Thomas Giertsen
Produsent: Feelgood&iStage AS

«Publikum hadde bare en ting å gjøre da han takket for seg, det var å takke med stående langvarig applaus.» - Tønsberg Blad

Varer ca 80 min