Opera ved fjorden – Arie-konsert

Opera ved fjorden – Arie-konsert

Bli kjend med dei 14 unge operasongarane som er utvalde til årets Sommarakademi! Denne torsdagskvelden entrar dei scenen med kvar sin favorittarie, og serverer også ein liten forsmak på laurdagens store avslutningskonsert.

Dei 14 songarane får følgje av årets akademiorkester, med 25 unge musikarar som spelar saman med proffe gruppeleiarar frå leiande symfoni- og operaorkester i Skandinavia og Austerrike. Konsertmeisteren er Maxim Brilinsky, til dagleg 1. fiolinist i Wiener Philharmoniker.

Dei tre dirigentstudentane får også prøve seg i aksjon framfor orkesteret, godt guida av operasjef Eivind Gullberg Jensen i lag med dirigentkollegaen Sascha Goetzel frå Wien.

Du får altså oppleve dei unge operatalenta, etter intense øvingsdagar med blant andre Solveig Kringlebotn som vokalpedagog.

Ariekonserten varer ca. 1 ½ time, utan pause.


KVA ER SOMMARAKADEMIET?


Sommarakademiet Opera ved fjorden 24. juni - 1. juli 2023 rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, repetitørar og dirigentar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera for tredje år på rad i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.