Os Senioruniversitet: Grøsvik -Korleis påverkar plast miljøet i havet?

Os Senioruniversitet: Grøsvik -Korleis påverkar plast miljøet i havet?

Alle som ferdast langs kysten har sett mengda av plast som ligg i viker og sund. Dei rydde-aksjonar som har vore gjennomført i det siste har vist at det har hopa seg opp mange tonn med plast, store mengder som ligg i så tjukke lag at det er krevjande å fjerne alt.

Ifølge Havforskingsinstituttet er omlag 80 prosent av søppelet i havet plast. Mellom fem og tretten millionar tonn hamnar i verdshava kvart år. Grove estimat syner at berre ein prosent av havplasten flyt opp til overflata, medan fem prosent driv i land på strendene. Resten fell til botnen. Dette får store konsekvensar for fisk, fugl og sjødyr.

Desse konsekvensane har Dr. scient. Bjørn Einar Grøsvik forska på. No kjem han til Senioruniversitetet for å lære oss meir om plasten i havet.