Os Senioruniversitet -Kolstad: Kan vi fremje helse via rå levande mat?

Os Senioruniversitet -Kolstad: Kan vi fremje helse via rå levande mat?

Siw Bugge Gjerdevik Kolstad frå Os er adjunkt med tilleggsutdanning i ernæring og kokkefaget. Frå 2016 har ho drive sitt eige firma (SIWRAW) ved sidan av læraryrket. I dag driv ho hovudsakleg med produksjon av plantebaserte produkt med gode næringsstoff, mjølkesyrebakteriar og enzym. Alle produkta er dessutan utan gluten, mjølk og sukker. Fermentering er ei av dei eldste og mest utbreidde konserverings- og foredlingsmetodane i ulike kulturar over heile kloden. Syrning og gjæring blir gjort for å oppnå haldbarheit og for å ta vare på mat over tid.
Siw Bugge Gjerdevik Kolstad har fått tildelt FOU-midlar (forsking og utviklingsmidlar) frå Vestland fylkeskommune. Siw har hatt tett samarbeid med fagfolk og forskarar frå UiB og Haukeland universitetssjukehus.

I foredraget får vi høyre om arbeidet hennar for å oppnå godkjende resultat, prinsipp for arbeidet og filosofien bak Siw sin påstand: «Rå levande mat er super mat for tarmen».