Os Senioruniversitet: Lise Rakner – Demokratia i krise

Os Senioruniversitet: Lise Rakner – Demokratia i krise

Demokratiet er i tilbakegang. Sidan 2015 har dei aller fleste demokratiindeksar vist at stadig fleire land i verda går i ei autokratisk retning. I følge Varieties of Democracies (V-dem) har andelen av jordas befolkning som lever under nokolunde demokratiske styreformer blitt redusert frå om lag 50 prosent til rundt 30 prosent i dag. Når eit land går frå å vere demokratisk , går det ikkje nødvendigvis over til å bli eit diktatur. Kvifor skjer dette? Kvifor knakar demokratia i samanføyingane? Kva for deler av demokratiet er det som er mest truga? Og, er det norske demokratiet truga? Sjølv om temaet er skremmande er ikkje bildet heilt svart. Vi kan gjere noko for å beskytte demokratia.