Os Senioruniversitet: Olav Kobbeltveit – Om Jakob Sande

Os Senioruniversitet: Olav Kobbeltveit – Om Jakob Sande

Olav Kobbeltveit gjev oss eit bilete av lyrikaren og diktaren Jacob Sande. Sande blei fødd i Fjaler i Sogn og Fjordane 01.012.1906 og vart berre 61 år gamal. Jacob Sande gav ut ti diktsamlingar og tre novellesamlingar. Han vert skildra som ein talentfull, men plaga mann. Sande henta ofte stoffet sitt frå sjømannsliv eller vestlandsbygdene, og dei formfaste og songbare dikta er ofte prega av sosial indignasjon og krass satire. Mange av dikta hans blei tonesett og vart populære viser. Dikta vekslar frå grotesk humor som i "Kallen og katten" og "Likfunn" til sentimentale følelsesladde dikt som "Fløytelåt" og "Vesle Daniel". Også teksten i Norsk salmebok "Det lyser i stille grender" er av Jacob Sande.

Olav Kobbeltveit er forfattar og var journalist hos "BT" der han m.a. også var politisk redaktør. Han vart tildelt Vinjeprisen i 1994 - ein heiderspris til den som i si verksemd stør det særmerkte norske kulturlivet.

Semesterkort (fri inngang).
Førehandssal og billettsal i døra, 100,-