Os Senioruniversitet: Strømmen -Er høgreekstremisme ein reaksjonsform?

Os Senioruniversitet: Strømmen -Er høgreekstremisme ein reaksjonsform?

I september 2022 hadde vi gleda av eit foredrag av Øyvind Strømmen, forfattar av blant anna boka «Giftpillen» som handlar om konspirasjonsteoriens øydeleggjande kraft. No kjem oppfølginga.
Dagens tema er høgreekstremisme. Som alle former for ekstremisme, vert også høgreekstremisme kjenneteikna av å vere ikkje-demokratisk, og å ha tilbøyelegheit til å bruke vald for å oppnå måla sine. Målet for høgreekstreme er politisk endring, der demokratiske institusjonar forsvinn og liberale haldningar blir erstatta av eit tankesett basert på autoritære, etnisk-nasjonalistiske, rasistiske og konspiratoriske haldningar.

Foredraget er interessant fordi vi ser at høgreekstremistiske tankar spreier meir om seg i mange land verda over, og særleg etter at Russland, med Putin i spissen, gjekk til åtak på Ukraina. Sjeldan har vi vel sett eit meir udemokratisk land som Russland etter at all fri presse og informasjonsflyt i landet vart målbunden.