PØH!

PØH!

Målfrid Masa er målesjefsansvarleg i det store, alvarlege Justervesenet. Dette er ein seriøs, alvorleg og vaksen jobb, og det tek seg slett ikkje ut å springe rundt for å leike og tulle. Men målesjefsansvarleg Målfrid Masa synest det er kjempekeisamt å vere vaksen og alvorleg heile tida, og har difor stukke av frå den viktige jobben sin. Og no snik ho seg rundt alle stader der det finst born for å leike, tulle, synge og danse i all løyndom. Ho har pakka kofferten sin med rare og artige ting og klede, og får endeleg sjansen til å kle seg ut og leike både prinsesse, tryllekunstnar, sirkusartist, sjørøvar og mykje meir som ho syns er morosamt. Målfrid Masa vil ikkje ha det keisamt meir, då seier ho ganske enkelt berre: PØH!

Ei musikalsk, leiken og interaktiv framsyning med fargerike kostyme, herleg musikk og morosame songar, der publikum får vere med å danse og synge.
Skodespelar: Ramona Sulen

Unummererte plassar. Varer omlag 45 minutt.