Renate Rivedal: Identitet i kunsten. 20.11. kl. 19
Renate Rivedal om identitet gjennom kunsten
Mot eit bakteppe av bunader og måleri med nasjonale og lokale motiv i utstillinga «Bunadbonanza», vil kunsthistorikar Renate Rivedal snakka om korleis forståinga av identitet har kome til syne gjennom kunsthistoria. I norsk kunsthistorie kjenner vi til kva nasjonalromantikken har betydd for oppgbygginga av ein norsk identitet, medan andre kunstnarar har vore mest opptekne av å uttrykka ein lokal identitet. I vår tid kan identitet bli opplevd som noko meir flytande, noko vi også kan sjå i samtidskunsten.
Foredraget er ein del av samtale- og foredragsserien SAMLING og vil foregå i Griegsamlingen. Utstillinga «Bunadbonanza» vil vere tilgjengeleg for publikum ein time før og etter foredraget.
Ord. 100,-
Gratis for medlem av Oseana Kunstklubb