Taffelpikene, ADA  – hun som skaper

Taffelpikene, ADA – hun som skaper

Komponistyrket er ikkje eit yrke så mange kvinner har fått prøve seg på. Dette vil Taffelpikene no gjere noko med. Gjennom ADA – Hun som skaper presenterer dei doggfrisk, nyskriven musikk som er laga i samarbeide med sju kvinnelege skaparar frå det norske musikklivet. Musikken ligg i grenselandet mellom jazz, klassisk og folkemusikk, og her oppstår det mykje fengjande og vakkert.

«Å være komponist er å kunne be kven som helst gjere kva som helst» seier ein av komponistane i ADA. Ein kan lage eit musikkstykke basert på rytmen frå vanndråpane som treff taket. Eller komponera ein skikkeleg «fet» hardingfeleslått. Kanskje kan ein hente inspirasjon frå Mummidalen? Eller berre ta musikarane heilt ut av komfortsona!

Dette prosjektet er oppkalla etter føregangskvinna Ada Lovelace (1815-1852), ei kvinneleg datapionèr som er anerkjend som verdas første dataprogrammerar.

Taffelpikene er Norges einaste profesjonelle treblåstrio. Dei består av:
Lynetta Taylor Hansen, fløyter
Sarah Nordal Strand, klarinettar
Ingrid Åhlander Bennett, fagottar

Komponistane i prosjektet er Hanna Paulsberg, Guro Kvifte Nesheim, Shannon Mowday, Karoline Wallace, Liv Andrea Hauge, Jasmin Tømta og Ieva Velika.

Prosjektet er støtta av Furestiftelsen, Kulturrådet, Norsk Komponistfond og CREO vederlagsfond.