This Was My Life – tribute til Kim Larsen & Gasolin

This Was My Life – tribute til Kim Larsen & Gasolin

This Was My Life er eit tributeband til Kim Larsen & Gasolin. Bandet vart etablert i Bergen i januar 2018 og har med rekordfart vorte eit anerkjend namn blant publikum og arrangørar i heile Norden. Med tida har etterspørselen vorte enorm, og bandet speler for tilnærma utselde arenaer Noreg rundt.

I akustisk setting tar dei deg med på ei herleg musikalsk reise gjennom Kim Larsen sitt liv og leverer det beste av hits frå karrieren hans, som til dømes «Papirsklip», «Midt om natten», «This is my life» og «Hva gør vi nu, lille du».

Med dansk vokalist og frontfigur Claus Pedersen i kombinasjon med dyktige og rutinerte musikarar frå musikkmiljøet i Bergen, blir den eine perla etter den andre attskapa med stor innleving og deilege harmoniar.

Musikarar:
Claus Pedersen: vokal / gitar, Arne Oppedal: vokal / gitar, Arild Gjørøy: bass / vokal, Marius Larsen: perkusjon / vokal, Ove Gaassand: keyboard / piano.
Arrangør: This was my life og Fader Productions