True Colours – Reåpning av Griegsamlingen
Per Grieg sr. si kunstsamling har sidan starten vore Oseana sin «grunnmur», og det er med glede og stoltheit vi no gjenopnar Griegsamlingen! Denne gongen presenterast ei rekkje nye maleri, som til dømes DOLK sitt Paintbrush Girl. Ramma for utstillinga er farge, meir spesifikt den varierande fargebruken i eldre så vel som i nyare biletkunst. Vårt mål er å kunne vise ei frisk og livsglad utstilling, med eineståande arbeid frå den norske kunsthistoria!