nodeimage

FrisKunst!

I samarbeid med Kavlifondet startar Oseana no opp eit nytt formidlingsprogram for born og unge.

- Oseana skal vere ei kulturell drivkraft i kommunen. I tillegg til å presentere eit inspirerande og samansett sesongprogram har vi og eit ynskje om å kunne vere eit møtepunkt for både born og ungdom. Difor lanserar vi no Friskunst, eit skuleprosjekt som sikrar alle skuleelevar i Os kulturopplevingar på Oseana gjennom skulen, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.

Utgangspunktet for Friskunst- prosjektet er at Oseana skal kunne presentere dei same kunst- og kulturopplevingane for born som for vaksne. Ved å legge til rette framsyningane slik at dei passar betre for eit yngre publikum, og førebu elevane godt, skal dei få kunst- og kulturopplevingar gjennom skulekvardagen.

- Dei ulike prosjekta skal byggje på skulen sine fagplanar og inngå som ein del av kunst- og kulturundervisninga. Prosjektet går gjennom Os kommune slik at alle elevar i barne- og ungdomsskulen i kommunen skal besøkje Oseana fire gongar gjennom ein tiårig skulegong, forklarar Lindeberg.

Det blir såleis fire ulike Friskunst- prosjekt elevane skal igjennom, to knytte til musikk/scene, og to knytte til Griegsamlingen. Alle dei ulike prosjekta består av tre delar, eit forprosjekt som tek plass i klasserommet, ein oppfølgingsdel som skjer både på skulen og i heimen, og til sist eit besøk i Oseana.

- Det vil bli ein prosjektleiar knytt opp til kvart prosjekt, som har ansvar for både utviklinga av det pedagogiske opplegget og gjennomføringa av det, seier Lindeberg, som håpar at dette pilotprosjektet kan bli ein modell som fleire kulturhus på sikt kan gjere seg nytte av.

- Det å knyte allereie eksisterande aktivitet ved dei lokale kulturhusa opp i mot eit formidlingsperspektiv er noko som kan passe inn i fleire kulturhus enn Oseana. Dette prosjektet kan bli eit føregongsprosjekt på korleis ein inkluderar skule i det eksisterande kulturlivet, seier Lindeberg.

Prosjektet er finansiert gjennom støtte frå Kavlifondet, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Oseana, Kavlifondet og Os kommune.

- Friskunst trer i kraft allereie denne hausten! Fyrste prosjekt blir 2. desember, då Riksteatret kjem med danseframsyninga Navid - Each one Teach one. Elevane får då ei tilpassa framsyning, ikkje den ordinære, der dei mellom anna får møte Navid og hans danseunivers! Dette vil bli eit prosjekt for 10. klasser i Os, seier Lindeberg, som gler seg til å få prosjektet i gong.

- Dette blir knallbra!

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00