Os kommune

Os ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Os har mykje å by på, og nærleiken til Bergen gjer det lett å besøkja oss.

Frå Oseana Kunst & Kultursenter er det berre to kilometer til tradisjonsrike Solstrand Hotel & Bad, som har blitt kåra til Noregs beste og eit av Europas beste spa. Solstrand har blitt tildelt Olavsrosa, Noregs einaste kvalitetsmerke for kulturopplevingar.

Museet Lysøen består av fiolinisten Ole Bull sin Villa, eit gårdstun fra 1600-talet, en liten kafé  og 700 mål med fantastisk natur.

Vedholmen Galleri, 8 km frå Oseana, viser salgsutstillingar av kunsthandtverk, design og billedkunst på eit høgt internasjonalt nivå. Danske Vibeke Harild og irske Peter Marrons galleri er verdt eit besøk.

Osbadet er eit badeland med symjebasseng, barnebasseng, terapibad, boblebad, vannsklier og badstu. Osbadet opna hausten 2006.

Galleri Solbakkestova er dreve av kunstnarane Arne Mæland og Vidar Bratlund-Mæland. Utanfor bygningen er det opparbeidd ein liten park med vakre skulpturar. Galleriet har ei permanent utstilling med både kunst laga av familien og av andre. I tillegg til bronseskulpturar, måleri og relieff, finn ein og marmorskulpturar og grafikk. Galleriet brukast ofte til bokkvelder, konserter og annan kulturell aktivitet. Ope om laurdagar.

Oselvarverkstaden byggjer den tradisjonsrike båten som i 2009 vart kåra til ”Norges Nasjonalbåt”. Stiftinga Oselvarverkstaden vart etablert i 1997 for å sikre at båtbyggjartradisjonane ikkje gjekk i gløymeboka. Då var det 2 års ventetid for å få seg ein oselvar. Oselvarverkstaden er tildelt Olavsrosa, og er oppført på UNESCO-lista «Beste vernepraksisar», som det einaste tiltaket i Norden

Lyse kloster vart grunnlagt i 1146 av munkar frå Fountains Abbey i England, og var i funksjon fram til 1536. Ruinane er så godt bevarte at dei kan gje ei oppfatning av korleis kyrkja og to av fløyane har vore utforma. Frå ruinane går det sti opp til fjellet Lyshornet. 

På Bjørnefjorden Gjestetun tilbyr familien Bjørke, åttende generasjon på gården, 38 sjarmerende rom i det ombygde fjøset fra år 1655. Romma har alle sine særegne preg

Om Os

Os har 186 km strandline og er eit eldorado for båtfolket med lune vikar, holmar og sund. Me har mange fine turområde i fjell, skog og mark – og høve til fiske i Oselva og i tilhøyrande vatn.

Bergen er næraste granne i nord. Elles møter bygda Korsfjorden, Bjørnafjorden og Fusafjorden, og grensar mot Samnanger i aust. Langs landevegen er det ca tre mil til Bergen sentrum, og like langt til Bergen Lufthavn Flesland. Frå Osøyro er det snøggbåtsamband med Sunnhordland.

Det er ferjesamband frå Halhjem til Våge på Tysnes og til Sandvikvåg på sambandet mot Sunnhordland og Stavanger, og frå Hatvik til Venjaneset i Fusa.

Folketalet i Os er vel 21 000, og har vore jamt stigande heile siste hundreåret. Mest folk bur det i sentrum, og elles ligg dei største bustadområda på Søfteland, Søre Neset, Nore Neset, Lysefjorden, Søre Øyane og Hegglandsdalen.

Os femner om ca 140 kvadratkilometer. Mot sør og vest er landskapet låglendt og splittar seg i mange større og mindre øyar, vikar og sund. Mot nordaust er det fjordlandskapet som set preg på bygda, med til dels bratte fjordsider, tronge dalar og fjellrekkjer med toppar opp til 840 meter.

Lokalaviser: Os & FusapostenMidtsiden.nonyttios.com og radios.no