Lindesnes Trekkspillklubb

Fredag 25. februar Kl. 10:30

Velkomne til strøyming med dei muntre og festlege sørlendigane! Dei er ekspertar på trekkspill, god stemning og byr gjerne opp til dans. Dei har vore hos oss før, og vi er glade for å ha dei på besøk nok ein gong. Vi gler oss til å dele denne livlege, flotte konsertopplevinga med vårt digitale publikum ved helseinstitusjonane! For dei som ikkje har moglegheit til å følgje live-konserten den 25 februar blir den vist i reprise måndag 28 februar med moglegheit til å følgje konserten frå og med kl. 11.00 og siste moglegheit til å sjå den kl. 17.00. Konserten varer i ca. 2 timar, inkludert ei pause på 20 minuttar. For spørsmål eller tilgang til strøyminga, ta kontakt på mail: taija@oseana.no.