AvlystRaud nase – Av og med Irene Ahnell

Raud nase – Av og med Irene Ahnell

Raud Nase: Ein klovn utan raud nase. Kor er han?

Jakta er i gang, og den raude nasen må på plass før sirkuset kan starta. Ei ordlaus, poetisk og musikalsk framsyning om klovning, uttrykt med akrobatikk, mimikk, teatermagi og ein god porsjon humor. Framsyninga høver for folk med både små og store skor, og er lagt til rette for dei minste.

Høver frå eitt år.


Vi er lei oss for alle små som no blir skuffa, men er diverre nøydd å avlyse dette arrangementet grunna sjukdom. Alle som har kjøpt billett blir kontakta.