Kunst og bondeliv
Biletkunstnar Annette Kierulf og forfattar Tormod Haugland snakkar med kunsthistorikar Tonje Haugland Sørensen om livet med kunst og bondeliv. Det er ei lang tradisjon for kunstnarar å bu «på landet», ofte med ei blanding av kunstproduksjon og matproduksjon. På 1800-talet var det gjerne for å kome nærare «den ekte nasjonale kulturen», som med Christian Skredsvig og Theodor Kittelsen. Astrup tok det til eit nytt nivå, der utviklinga av Astrup-tunet må sjåast som eit kunstprosjekt i seg sjølv. Framleis er det ei dragning mot bondelivet blant mange kunstnarar i dag. Kvifor er det slik?
Kunsthistorikar Tonje Haugland Sørensen tar samtalen med to kunstnarar som lever det gode bondegardslivet, biletkunstnaren Annette Kierulf og forfattaren Tormod Haugland, som bur saman på Radøy, nord for Bergen.
Samtalen følgjer etter omvising i utstillinga SJØLVBERGING med kurator Jørgen Larsson kl. 13.00.