Ramon E. Haiti Filiu – Livets stier og former

Ramon E. Haiti Filiu – Livets stier og former

Første separatutstilling i Oseana!
Det er no klart for årest første utstilling i Hvelvet. Vi er stolte av å ha fått Cubanaren Ramon E. Haiti Filiu, som kjem til Oseana med sine fargesterke maleri i olje- og blandingsteknikkar, og skal fylle Hvelvet med karibisk varme.
Ramon er utdanna frå ulike kunstinstitusjonar i Havanna på Cuba, og flytta til Bergen i 2009, der han har etablert seg med vestlandskone og atelier på loftet. Ramon har delteke på både seperatutstillingar og kollektivutstillingar. Han har også vore instruktør og lærar på fleire kurs og skular, mellom anna på Steinerskulen i Bergen.
Filiu kjem frå ein kunstnarisk heim. Far hans er ein av Cuba sine største nasjonalkunstnarar innan skulptur og billedkunst. Ramon valde malinga som kunstveg. Han lagar fargesterke bilete, fulle av afro- cubanske symbol som også gjev oss skandinavar meining og gjenkjenning. Han ynskjer å bringe meir varme og lys til nordbuarane med sine fargesterke bilete. Ramon har eit særeige uttrykk, der han gjennom å jobbe med ulike materiale lagar struktur og tekstur i bilda. På denne måten blir dei djupare og bevegar seg nesten mot det tredimensjonale. Ramon jobbar heile tida ut i frå ein grunntanke om å gjere forteljingane i bilda sine meir universelle, utan at det skal gå på bekosting av det cubanske uttrykkjet.
Utstillinga opnar med vernissage 28. januar kl. 15.00. Her blir det også feiande rytmer og minikonsert med Trio Cubatropical. Utstillinga blir ståande frå 28. januar til 11. mars.