I magiens verden  – Trylleshow med Daniel Larsen

I magiens verden – Trylleshow med Daniel Larsen

Velkomen til ein kveld full av magi, humor og overraskingar!

I Daniel Larsen sitt nye familieshow “Magiens Verden 2” blir heile familien engasjert og får vere med på det magiske som skjer. Eit show som får barna til å hyle, skrike og le før dei blir stille av forundring over det magiske som nettopp har skjedd. Dette er underhaldning som verkeleg engasjerar publikum -både dei små og dei store.

Daniel Larsen ”Master Of Magic” er ein av Noregs mest erfarne magikarar/illusjonistar. Han har jobba som profesjonell artist i over 30 år, og med 150-200 framsyningar i året er han ein av dei mest produktive magikarane vi har i landet. Daniel har opptredd fleire gongar på TV og har stått på fleire av dei store scenene i både inn- og utland. «Magiens Verden 1» fekk fantastiske tilbakemeldingar frå publikum.

Passar for alle frå ca 4 år og oppover.
Varer ca. 1 t 30 min.