Marit Voldsæter – Hei, jeg heter Marit
Marit Voldsæter er endeleg tilbake med eit nytt soloshow – meir open og ærleg enn tidlegare, men like morosam.
Mariten kan ikkje unngå å vere vittig anten ho snakkar om kvardagslege ting, eller ho går inn i driten. Ho er nemleg komikar langt inn i lollipoppen. Og det kjem ekstra godt med i denne framsyninga når vi får høyre meir om medaljens bakside enn tidlegare.
Ho er ein av landets mest populære scenekomikarar med fleire gigantsuksessar
både som soloartist og som ein del av «Kvinner på randen».
Etter «Kvinner på randen» har Marit stått stødig på eigne bein, noko ho tidlegare har vist med kritikar- og publikumssuksessane «Med ræven i fatle», «Drit i å danse!», «Rett fra skrumpleveren» og sist, «Null i biologi». Men no er det altså «Hei, jeg heter Marit» som gjeld.
Anmeldelser frå showet:
«Komikeren Marit Voldsæter på sitt beste!» – BERGENSAVISEN
«Publikum kommer til å renne ned dørene» – BERGENS TIDENDE
Ho har som vanleg med seg sjølvaste Erik Ulfsby og Karina Aase på regi.
Vi gler oss vilt til å sjå Marit Voldsæter på scena med eit heilt nytt show!
—-
Varigheit: Om lag 1 time og 15 minutt
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no