Dora Thorhallsdottir – Livet ass…

Dora Thorhallsdottir – Livet ass…

«Livet ass» er eit kritikarrosa, morosamt og personleg show om Dora, som havna i ei livskrise då kjærasten hennar fikk kreft i halsen.

I denne krisa trengde ho hjelp, så ho dykka ned i sitt indre beredskapslager av kunnskap – alt vi er blitt fôra med gjennom livet, på jakt etter noko som kunne gjere det lettare å stå i alt saman.

Showet «Livet ass» handlar om alt rælet ho fann der, alt fjaset vi er blitt utsett for: kva lærte vi eigentleg av Tornerose, Snøkvit og dei andre eventyra? Eller barnesongar, kva er bodskapen i Mikkel Rev eigentleg? Og er det nko å henta frå timane med Rubiks kube eller moralen i Dirty Dancing? Kor blei det av opplæringa til livet?!

Men showet handlar også om korleis det eigentleg er å vere pårørande. Det alvorlege, skamfulle og vonde får også plass i denne framsyninga sjølv om det er eit standupshow.

Kort fortalt: ei svært humoristisk framsyning, ispedd litt livserfaring om kva som skjer når du gir altfor mykje.

Dette er Doras fjerde soloshow, som raskt blei ein publikumssuksess med utselde kulturhus landet rundt.

Showet varer om lag 75 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no