Ein vits av ein mann – Jan Helge Corneliussen

Ein vits av ein mann – Jan Helge Corneliussen

Ein vits av ein Mann – Står fram! 

Jan Helge Corneliussen tek eit oppgjer med seg sjølv og bygda han er fødd og oppvaksen i.

55 år med undertrykte meiningar og kjensler kjem til overflata denne kvelden.

Eit kortreist standupshow, med innslag av pedagogikk.

Corneliussen har prøvd å vere morosam sidan 5. klasse på barneskulen – det heile kulminerer denne kvelden.

Velkommen!

_____

Varigheit: om lag 75 minutt

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no