
Terje Sporsem og John Brungot – Høy og Mørk
To av Noregs mest populære komikarar har slått seg saman med eitt mål for auget: Å gi deg eit skikkeleg morosamt show! Og DET trengst når verda går meir og meir av hengslene.
Høy og Mørk er spekka med standup, musikk og parodiar, og både presse og publikum har late seg begeistre av denne allsidige framsyninga, der Terje og John tek for seg nokre av dei store og viktige spørsmåla i livet.
Gjer deg klar for ein kveld spekka med latter og god stemning!
«Morsommere blir det knapt!» – terningkast 6, Nettavisen
«Vi ler oss fillete alle sammen» – terningkast 5, NRK
John Brungot er ein av Noregs mest ettertrakta humoristar og har lang og brei erfaring frå både scene, TV og film. Han har vunne prisen «Årets TV-komikar» under Komiprisen og har vore med i humorprogram som Torsdag kveld frå Nydalen, Nårje og Søstrene ser på TV. John har òg vore programleiar for fleire store TV-suksessar. For tida er han å sjå i Humoretaten på NRK.
Terje Sporsem er ein av landets mest folkekjære standup-komikarar og har sett opp fleire soloshow som har fått toppkarakterar og framleis blir viste jamleg på NRK. Han har òg ei lang TV-karriere bak seg, har vore programleiar for ei rekkje program og har markert seg som deltakar i fleire populære konsept. Han har fått tildelt «Stå opp-prisen» og har vore nominert til Komiprisen fleire gonger. I 2026 feirar Terje 30 år som komikar.
Regi: Martin Beyer-Olsen
Management: MacGyver Entertainment i samarbeid med
Grusveien Entertainment
___
Varigheit: Ca 80 minutt, uten pause
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.