HELDIGvis mitt siste soloshow – Veronica Simoné

HELDIGvis mitt siste soloshow – Veronica Simoné

Komikar Veronica Simoné, vidt kjend som YummyMummy, er klar med sitt tredje one woman-show. I sitt siste show i trilogien med shownamn som sluttar på «vis», tek ho eit brutalt ærleg oppgjer med seg sjølv, livet og dei viktige relasjonane sine. 

Sidan sist har ho gifta seg på lågbudsjett, fått helseangst, drepe ein hamster, halde den døde mora si i hendene og gjennomført ein kosmetisk operasjon som nærast har delt henne i to. Veronica Simoné har med andre ord mykje å vedkjenne, erkjenne og anerkjenne.

Heldigvis er showet både rått, gjenkjenneleg og befriande morosamt, for livet blir sjeldan som planlagt, og HELDIGvis er det kanskje nett det som er heile poenget. Ler du ikkje av dette, sender vi deg til utgreiing på vår rekning.

___

Varigheit: Ca 1 time og 10 minutt

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.