Ylvis & Calle – Et juleshow

Ylvis & Calle – Et juleshow

For første gong sidan I kveld med Ylvis skal Vegard, Bård og Calle dele scena saman igjen. I november og desember legg dei ut på turné med eit juleshow for ein podkast som ikkje finst, og 15. desember kjem dei til Oseana!

Med seg har dei instrument, songar som har lege på vent, historier som aldri har blitt fortalde, dumme idéar og alt anna som trengst for ein heilaftan du kjem til å kjenne i lattermusklane dagen derpå.

Det blir musikk, det blir prat, det blir improvisasjon, og garantert nokre augeblikk verken dei eller du såg kome.

Eller som Calle seier: «点一盏灯,总比诅咒黑暗好»
Uttale: Diǎn yī zhǎn dēng, zǒng bǐ zǔzhòu hēi’àn hǎo.

Det er betre å tenne eit lys enn å forbanne mørkret.

Vel møtt!

_____

Billettsal: 
Føresalet for nyheitsbrevmottakarar startar fredag 12. juni kl. 10
Ordinært billettsal opnar måndag 15. juni kl. 10
_____

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.