
Magiens Verden 2
Suksessen og magien er tilbake i eit nytt show!
Magiens Verden er eit fantastisk show der heile familien blir engasjert og får vere med på det magiske som skjer. Dette er eit show som har fått strålande tilbakemeldingar frå både publikum og kulturhus.
Magiens Verden er eit show fullt av magi, humor og overraskingar, eit show som får barna til å hyle, skrike og le, før dei blir stille av undring over det magiske som nett har skjedd. Dette er eit show med høg kvalitet og eit enormt engasjement frå både små og store.
Daniel Larsen har vore rekna som ein av Noregs beste underhaldarar for barn og familiar i over 30 år.
I 30 vintrar har Daniel hatt familieshow ved dei fleste hotella på Geilo, Gol og Storefjell. I tillegg har han i 11 år hatt ansvaret for barneunderhaldninga på Color Line sine båtar mellom Sandefjord og Strömstad. Han har opptredd i parkar som Hunderfossen, Tusenfryd og Bjørneparken. Han har underhalde Det Kongelege Hoff, turnert i Afghanistan og opptredd for internasjonale fredsstyrkar, delteke på kongefamilien si juletrefest på Slottet, og ikkje minst underhalde i bursdagen til rockelegenda Jerry Lee Lewis i Memphis, Tennessee.
Referanselista hans er lang og imponerande, men alle oppdraga har éin ting til felles: suksess.
Med mellom 150 og 200 show kvart år er han ein av dei mest produktive magikarane i Noreg. Dette er med andre ord ein veletablert magikar og illusjonist som vi i Noreg kan vere stolte av.
«Beste vi har sett!!! Kontakten med barna var helt unik» – Barnepedagogisk forbund
«Fantastisk show» – Olaf Tufte
______
Rullestolplass og ledsagarbillett:
Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.