Trommer er best! – Modal Trafikk

Trommer er best! – Modal Trafikk

Bli med på ein musikalsk fest med Modal Trafikk!

Har du ein dansefot som aldri står stille? Eller likar du å oppdaga nye lydar og kjenna rytmen i kroppen? Då må du bli med når Modal Trafikk inviterer inn i sitt fargerike og energiske musikalske univers!

Men visste du at konserten byrjar før musikken startar?

Før bandet går i gang, blir scena forvandla til fleire ulike øvingsrom, med små overraskingar og morosame situasjonar undervegs. Kom gjerne litt tidleg, kanskje oppdagar du noko du ikkje hadde venta deg!

Når musikken set i gang, ventar buldrande trommer, overraskande rytmar og musikk som får både små og store til å dansa og smila. Her treng du ikkje kunna eit einaste dansesteg, det held å vera nysgjerrig og ha lyst til å oppleva noko kjekt saman!

Modal Trafikk er eit bergensband som blandar brasilianske rytmar, elektroniske lydar, pop og dansbar musikk til sitt heilt eige uttrykk. Resultatet er ein leiken og energisk miks som inviterer til både roleg dans og full utfalding!

23. oktober 2026 slapp bandet det nye albumet sitt, «Sadide», fylt med spennande rytmar og musikalske overraskingar.

Ta med barna, inviter med vener og gjer dykk klare for ei musikalsk oppleving der både små og store kan sleppa seg laus!

___

Varigheit: Ca 40 minutt

Servering: Gjer dagen komplett med ein god middag eller lunsj før arrangementet. Sjå meny for Oseana Kafé og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.