The Nordic Floyd Show 25 år

The Nordic Floyd Show 25 år

I 2026 feirar The Nordic Floyd Show (TNFS) 25-årsjubileum, og det skal markerast skikkeleg!

Bandet vel fritt blant sine aller største favorittlåtar. Her får du både dei udøyelege, legendariske publikumsfavorittane, men òg hemmelege, gåsehudframkallande perler som Floyd-fansen vil elske å oppleve levandegjorde igjen i eit storslått multimediashow.

TNFS er hyllesten som starta på ei klubbscene og voks heilt fram til sjølvaste Operahuset i Oslo, som det første og framleis einaste Floyd-tribute-bandet på Noregs ikoniske nasjonalscene. Oppskrifta på suksessen har alltid vore den same: å gripe publikum ved hjarterøtene og levere intens, detaljrik, musikalsk og visuell råskap med ei magisk nerve som får deg til å halde pusten. 

Om TNFS
Noregs legendariske Pink Floyd-tribute, The Nordic Floyd Show (tidlegare Dark Side of the Wall/DSOTW Norway), har allereie oppnådd det mange berre kan drøyme om – å bli godkjent av sine eigne idol. TNFS er bandet som Roger Waters omtalar som «F***ing brilliant», og som har spela for fulle hus i over 20 år, mellom anna som det første og framleis einaste Floyd-tributeshowet i sjølvaste Operahuset i Oslo (2024).

Bergens Tidende har omtalt showet som «Storslagent og imponerende på alle måter» og «…en imponerende forestilling som absolutt tilhører det aller ypperste i sitt slag».

Bandmedlemmene si livslange kjærleik til musikken til Pink Floyd vart til ei energibombe alt frå første øving. Sidan den gong har Helge Nyheim (vokal/trommer), Bjarte Aasmul (gitar/vokal), Kai Taule (bass/vokal) og Dag Øivind Rebnord (tangentar/visual FX) utvikla konseptet til ei forrykande multimedieframsyning.

Dei har samarbeidd med gjesteartistar som Ian Ritchie (Storbritannia, Roger Waters Band), Sharon Gaynor (Irland, Breathe), Tine Taule og fleire andre.

–––

Varigheit: Ca 1 time og 40 minutt 

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.