Osøren jazzensemble – 50 år med gladjazz

Osøren jazzensemble – 50 år med gladjazz

Osøren Jazzensemble 50 år (1976–2026) – Ei pionergruppe i Osbygda

I 2026 feirer Osøren Jazzensemble sitt 50-årsjubileum og inviterer deg til ein stemningsfull kveld fylt med gladjazz, speleglede og musikalsk historie.

Her vert det levande historie framført av eit ensemble som framleis spelar med hjarta utanpå skjorta, og den glade gjengen vert supplert med ei rekke gjester. Hovudgjesten vert ingen ringare enn vår eiga verdsstjerne Marius Neset.

Gjennom eit halvt hundreår har ensemblet vore ein viktig del av det lokale musikklivet, og står som ein av pionerane innan tradjazz i regionen. No tek dei publikum med på ei reise tilbake til røtene – til ei tid då musikken oppstod i uformelle samkomer, med improvisasjon, energi og ekte speleglede i sentrum.

Historia starta på 1970-talet, då fire musikkinteresserte karar i Os Musikkforeining ofte møttest til ymse uformelle samkomer som gjerne utvikla seg til «buskspel» og jamming utover kvelden. Med inspirasjon frå det veksande tradjazzmiljøet i Bergen, og med heimkomsten til banjospelar Harald Lekven, vart idéen om eit eige ensemble fødd.

Hausten 1976 starta dei første øvingane, og allereie nyttårsaftan same året heldt
ensemblet sin debutkonsert på Solstrand. Besetninga bestod av Karl Ole Midtbø (trompet), Geir Mildestveit (klarinett), Geirmund Sandven (trombone), Walfred Nøss (slagverk), Oddgeir Bjelland (elbass), Norvald Kobbeltvedt (piano) og Harald Lekven (banjo).

Eit av dei første høgdepunkta kom våren 1977, då ensemblet deltok i ambulanseaksjonen for å skaffe bygda sin eigen sjukebil. Fleire hundre menneske samla seg på torget til ein festdag prega av engasjement og musikk, der Osøren Jazzensemble bidrog med livleg gladjazz. Same sommar var sjukebilen på plass – til stor glede for bygdefolket.

Bli med og feir 50 år med musikk, tradisjon og speleglede!

___

OSØREN JAZZENSEMBLE
Marita Moe Sandven – vokal
Are Ovesen – trompet
Geirmund Sandven – trombone
Geir Mildestveit – klarinett
Terje Neset – banjo og vokal
Ole Amund Gjersvik – kontrabass
Rolf Seldal – trommer (vikar for Stein Inge Brækhus)

Medvirkende gjesteartister:
Marius Neset: saxofoner
Bjørn Blomberg: saxofon
Karl Ole Midtbø: trompet og konferansier
Tone Linn Schanche – Mjånes: vokal
Anna Lisa Lekven: vokal
Mikael Lekven: piano
Aasmund Brekke: piano
Oddgeir Bjelland: bassgitar
Oddvar Rørtvedt: kontrabass
Roald Gilje: tuba
Walfred Nøss: trommer

___

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Varigheit: Om lag 90 minutt

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.