Konsert med HM Johnsen

Konsert med HM Johnsen

Torsdag 3. desember inviterer HM Johnsen til konsert i Oseana kunst- og kultursenter. Publikum kan venta seg sterke melodiar, ærlege tekstar og ei levande musikalsk oppleving – krydra med unge lokale talent, musikalske overraskingar og eit hjarte for kulturlivet i Bjørnafjorden.

Denne kvelden handlar om meir enn musikk. På dei siste låtane av konserten får HM Johnsen med seg sju flinke elevar frå Kulturskulen i Bjørnafjorden som skal vera med og kora saman med artisten og bandet. Det vert eit musikalsk samarbeid på tvers av generasjonar, der unge songarar får oppleva gleda og spenninga ved å stå på scena i eit profesjonelt konsertlokale.

Som ein del av satsinga på det lokale musikklivet går heile billettoverskotet frå konserten tilbake til Kulturskulen i Bjørnafjorden. Kulturskulen får sjølv disponera midlane og kan bruka dei til det dei meiner vil koma elevane og det lokale kulturtilbodet best til gode.

Ein ung artist får sjansen til å stå på scena
Kvelden byr òg på ei heilt spesiell moglegheit for eit ungt musikktalent frå lokalmiljøet. I samarbeid med lokalavisene vert unge talent inviterte til å senda inn musikalske bidrag på e-post. Produksjonen vel deretter ut éin heldig deltakar som får opptre som gjesteartist saman med HM Johnsen og bandet i Oseana.

For den utvalde vert dette ei unik moglegheit til å dela scena med etablerte musikarar, få erfaring frå ei større konsertproduksjon og visa fram talentet sitt for eit publikum. Samstundes er målet å inspirera fleire unge til å utforska musikken og våga å gripa moglegheitene som finst lokalt.

Ein artist med eit personleg og attkjenneleg uttrykk
HM Johnsen er artist og låtskrivar med eit musikalsk uttrykk i landskapet mellom pop, indie, soul og blues. Med sterke melodiar, ærlege tekstar og organiske arrangement har han utvikla eit personleg musikalsk univers som kjennest både nært og tilgjengeleg.

Gjennom snart ti år som aktiv liveartist har han spela hundrevis av konsertar i Noreg, Europa og Afrika, på klubbscener, kulturhus og festivalar. Som tidlegare vinnar av Blues Union Artist i regi av Norsk Bluesunion, og med eit særmerkt uttrykk som gitarist, har han gradvis utvikla ein tydeleg musikalsk identitet med stadig større vekt på tekst, melodi og formidling.

NRK P3, NRK P1 og NRK Vestland har omtala dei nyare låtane hans som romantiske og ærlege.

«Masterful music making at its best» – Subba Cultcha Magazine

«A singer-songwriter with an extraordinary talent for a number of different styles» – York Calling (UK)

Ærlege låtar og ei levande konsertoppleving
HM Johnsen skriv låtar med utgangspunkt i personlege erfaringar, men med rom for at publikum kan finna sine eigne historier i musikken. Uttrykket bevegar seg naturleg mellom det nære og ettertenksame og meir rytmiske og energiske parti, med fokus på dynamikk, stemning og melodisk driv.

På scena er han kjend for å skapa konsertar prega av nærvær, spontanitet og god kontakt med publikum. Her er det plass til både sterke musikalske uttrykk, intime augneblinkar, ettertanke og energi.

I 2025 gjennomførte HM Johnsen eit større kunst-, film- og musikkprosjekt med nye låtutgjevingar og ein omfattande turné gjennom Europa og Afrika. Reisa gjekk gjennom ni land og omfatta meir enn 19 konsertar på fire veker. Prosjektet vart dokumentert i YouTube-serien «We Drove a 43-Year-Old Mercedes to Africa» og speglar ei musikalsk reise prega av utforsking, eventyrlyst og utvikling.

Ei konsertoppleving som gir noko tilbake
Med sju unge songarar frå kulturskulen på scena, ein gjesteartist som får høve til å visa seg fram og eit ønske om å støtta det lokale kulturlivet, vil HM Johnsen skapa ein konsert som betyr noko utover sjølve musikken.

Her får unge talent dela scena med HM Johnsen og bandet, samstundes som billettoverskotet går til å støtta framtidas musikkliv i Bjørnafjorden. Velkommen til ein musikalsk kveld for ei god sak!

____

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Varigheit: Ca 90 minutt

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.