
Swinging Christmas – Med Sjøforsvarets musikkorps, Frode Vassel og Sinne Eeg
Sjøforsvarets musikkorps har for lengst skapt ein tradisjon med sine årlege Swinging Christmas-konsertar, og i år har korpset med seg to framifrå solistar: Frode Vassel og Sinne Eeg.
Songaren og musikalartisten Frode Vassel, ein ekte bergenser, er utdanna ved Noregs musikkhøgskule og kjend for mange frå både The Voice og Melodi Grand Prix. Den lyse og klåre tenoren hans smeltar hjarte og opnar sinn og sansar for ei svingande opplading til jula.
Sinne Eeg er ein prisvinnande jazzsongar og låtskrivar frå Danmark. Ho har gjort seg bemerka med si mørke klang og særprega framføring av moderne nordisk jazz.
Ho har gjeve ut fleire kritikarroste album, og låta Aleppo vart kåra til Årets låt under Carl Prisen i 2018. Albumet We’ve Just Begun låg i fleire veker høgt oppe på American Jazz Week Top 50 Chart, og gjennom karrieren har ho motteke ei rekkje musikkprisar både i Danmark og internasjonalt.
Dirigent: Erik Eilertsen
___
Varigheit: Ca 1 time og 30 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.