
Os kammerkor 50 år – Jubileumskonsert
Os Kammerkor fyller 50 år, og inviterer til jubileumskonsert lørdag 7. november i foajeen på Oseana!
Vi byr på allsidig musikk frå koret si historie, samt innslag frå dyktige solistar. Med oss denne dagen har vi dirigenten vår, Turid Moberg Kirkbride, solist Marius Dale Romslo, Victoria Bakka og elevar frå Musikkskulen.
Om oss
Koret vart skipa i 1976 av ein gjeng songglade osingar som hadde sunge saman sidan 1973. Sidan den gong har kammerkoret sett sitt preg på musikklivet i bygda, i tillegg til å ha halde ei rekkje konsertar i inn- og utland.
Den første dirigenten var Henrik Lyssand som og har komponert og arrangert mykje for koret. I 1989 overtok Jan Ove Petersen taktstokken og gav han vidare til Karina Tøtlandsmo i 2003. Marius Dale Romslo var vår inspirerande leiar frå
2007 og fram til 2015. Trent Bruner ledet oss gjennom et inspirerande år 2015. Ann Elisabeth Tveit overtok stafettpinnen i 2016 og hun har ledet oss gjennom flere store prosjekter og turer både i inn- og utland.
I 2022 fikk vi ny dirigent, Turid Moberg Kirkbride, som er utdannet sanger og jobber med musikkundervisning i Bjørnafjorden kommune.
Velkomen til ei musikalsk jubileumsfeiring!
______
Varigheit: ca. 2 timar